Neptuns basseng

Neptuns basseng
Eit eksempel på flott arkitektur med tydeleg inspirasjon frå oldtidas Hellas/Italia - Neptuns basseng, California

Læreplanen seier

Til alle tider har menneska nytta og bearbeida materiale til reiskap, kle, bolig og kunst. Gjenstandane som er skapt av menneska går inn i dei fleste områda av livet vårt og er heilt nødvendig for eksistensen vår. Kunst, gjenstandar og nytteprodukt kommuniserar tankar og idear, fortel om sosial status, livssyn, makt og tilhøyrsle, kven vi er, og kor vi høyrer heime. Den estetiske dimensjonen står sentralt i born og dei unge sin kvardag og utgjer eit grunnlag for deira val og ytringar.

Faget kunst og handverk har i seg ulike tradisjonar, frå handverkaranes solide materialkunnskap og reproduserande arbeidsprosessar, via designarane sine ideutviklingar og problemløysingar og til kunstnaren sitt fritt skapande arbeid. oppleving av kunst, design og arkitektur og bevisstgjering om kulturarva i eit globalt perspektiv utgjer sentrale sider ved faget.

Bilete av resultatet frå det praktisk skapande arbeidet
der vi var to og to på skulen, med gratis materiale.
Praktisk skapande arbeid i verkstadane er med på å gje form til opplevingar og å utvikle produkt står heilt sentralt i faget. Utvikling av fantasi, kreativitet, motorikk og handlag, frå det enkle til det meir avanserte, er viktige dimensjonar i faget og føreset tid til utprøving og fordjuping. Dette gjev den enkelte moglegheit til å oppleve gleda ved å skape og meistre.

Faget kunst og handverk står sentralt i utviklinga av den kulturelle allmenndanninga. Faget er og forberedande for ei rekkje utdanningar og yrkesval. Estetisk kompetanse er ei kjelde til utvikling på fleire nivå, frå personleg vekst, via innflytelse på eins eigne omgjevnadar til kreativ nytenking i eit større samfunnsperspektiv.

- Læreplanverket for kunnskapsløftet, 2006, s.129 -