Neptuns basseng

Neptuns basseng
Eit eksempel på flott arkitektur med tydeleg inspirasjon frå oldtidas Hellas/Italia - Neptuns basseng, California

Teikningar/bilete av hus


Teikning av gard i Hornindal (ca. år 1950)
Garden
Huset, som opprinneleg er av tømmer, blei bygd om lag år 1900 og er blitt oppgradert fleire gongar gjennom åra. Grunnen til at eg teikna denne garden er at far min vaks opp her, og at eg har eit personleg forhold til denne plassen, då eg var her mykje i min eigen barndom. Det er rett slett frå denne plassen familien min på fars side kjem ifrå. Eg teikna av eit gamalt foto av huset slik det var på 1950-talet. På slutten av 50-talet var far min ein liten gut på denne garden. Som folk flest på den tida livnærte familien seg av kyr, sau og det dei elles dyrka – dei produserte det dei trong sjølve. Eg veit at besteforeldra mine òg hadde ein hest på garden, noko som på den tida ikkje var allemannseie. Bestefar min var kvalfangar, då det ikkje gav nok inntekt med berre å drive gard. Bestemor mi var då den som styrte garden når han var til sjøs. 


Teikning av Eid kyrkje.
Eid Kyrkje
Eid kyrkje står på Nordfjordeid i Eid kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er ei tømra langkyrkje frå 1849. Arkitekt for bygget var handelsmannen Claus Wiese frå Eid. Då kyrkja stod ferdig hadde ho sitjeplassar til heile 900 personar, men etter ominnreiingar er det no plass til 750. Kyrkja har takryttar midt over skipet. Innvendig vart kyrkja dekorert med utskjeringar og dekormåling under leing av Lars Kinsarvik i 1915.

Grunnen til at eg valde å teikne dette bygget er at det ligg så mykje historie bak. Samstundes er den eit sentralt bygg i min heimstad, og er eit naturleg blikkfang.


Teikning av Aasebø-huset.
Aasebø-huset
H.D. Aasebø landhandel på Nordfjordeid vart grunnlagd i 1860 av Didrik Aasebø.
Han kom frå garden Åsebø ved Hornindalsvatnet, og var ein av fleire bondesøner som slo seg opp som handlande og bygde store handelshus langs Eidsgata på Nordfjordeid då Wiese- og Boalth-perioden med handel på storgarden Gjerde tok slutt. H.D. Aasebø var ein av medskiparane av Eids Privatbank A/S.
Sonen Hans Aasebø bygde det kjende forretningshuset «Aasebø-huset» med tårn i Eidsgata. Butikken vart driven vidare av sonen til Hans, Dagfinn Aasebø, fram til han vart pensjonist. Etter den tid har butikklokala vorte nytta til ein kombinert gåvebutikk og kaffibar under namnet Didriks.
Eidsgata med Aasebø-huset til venstre rundt 1920. Foto: Isak Hellebust.
Eg tolkar stiltypen til å vere sveitserstilen. Årsaka til det er at stilen kom i 1850-åra, og dette bygget er bygd i 1860. Samstundes er det andre kjenneteikn som gjer at stilen kan vere sveitserstil: gavlane på bygningen blir framheva i høve fasaden på langsida, symmetrikravet frå tidlegare er forlate, og bygningen har uregelrette og komplisert bygningskropp full av utradisjonell innfall, slik som tårn, ulike møneretningar, spir, asymmetrisk plasserte arker, m.m. I denne bygningen er det og krysspostvindauge. Alle desse kjenneteikna gjer at dette bygget må vere inspirert av sveitserstilen.

Grunnen til at eg valde å teikne dette huset er at eg tykkjer rett og slett det er vakkert. Personleg tykkjer eg kanskje det er det vakraste bygget på Eid. Samstundes ligg det mykje historie i dette bygget.



Teikning av Gamlebanken (med tusjpenn).
Gamlebanken
Bygningen er eit lafta tømmerhus frå 1881.
Ein gong husa den lafta tømmerstova på Nordfjordeid ein bank. I dag er Kulturhuset Gamlebanken eit knutepunkt for kulturlivet i Eid. Kulturhuset Gamlebanken er òg fyrst og fremst eit lokale for utstilling av ulike former for kunstuttrykk. Det lafta tømmerhuset frå 1881 tente som banklokale i sytti år og som bibliotek i tjue. På åttitalet var det nær riving, så nær at banktilsette som var innom det støvete lageret spøkte med at ein ville gjere banken ei teneste ved å miste ein sneip på golvet. Kommunestyret vart redninga. Dei ville ikkje la Sparebanken Vest rive det eldste bygget i Eidsgata. Banken rusta i staden opp det vindskeive rivingsobjektet for 7-8 millionar kroner.

Grunnen til at eg valde å teikne dette bygget er at Gamlebanken har hatt stor betyding for folket på Nordfjordeid opp gjennom åra. Fyrst som bank, så som bibliotek og no som kunst- og kultur.


Teikning av Operahuset, Nordfjordeid
Operahuset Nordfjord
Bygget ber preg av å vere eit moderne funkisbygg. Namnet seier opera, men dette huset er heile Nordfjord si storstove der alle typar scenekunst får boltre seg. Det er difor heile kulturkommunen Eid si forteneste at Nordfjord har fått ein unik, kulturell samlingsstad. Aktørar frå heile Nordfjord har engasjert seg i arbeidet med å få realisert eit kulturhus som kan brukast til alle typar scenekunst. Eid kommune har på mange måtar gjort eit kupp når det gjeld samlokaliseringa med Eid vidaregåande skule. Ved at skulearealet kan brukast til kultur på kvelden, har ein fått ei kompakt løysing for alle behov. Ei fruktbar kopling mellom opera, kultur og skule med suveren arealøkonomi og kulturpolitisk styrke.

Grunnen til at eg teikna dette bygget er at bygget tidlegare berre var ein vidaregåande skule, som eg har mange gode minner frå. No er det blitt ein kulturell samlingsplass, samstundes som den fortsatt rommar vidaregåande skule. Bygget er blitt eit flott blikkfang, og gjev ei god reklame for Nordfjordeid.

Planskisse av modellhuset.

Planskisse av modellhuset.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar