Neptuns basseng

Neptuns basseng
Eit eksempel på flott arkitektur med tydeleg inspirasjon frå oldtidas Hellas/Italia - Neptuns basseng, California

Arbeidskrav i design

Eg har gått for å byggje ei hylle av ei palle:



Design og redesign kan ha fleire tydingar. Meininga med design i denne oppgåva er at design har felles trekk i høve god form i forhold til funksjon, god utnytting av materiale og teknikk og til sist ei gjennomgåande trong og vilje til å dekorere. Ein gjenstand er berar av form, kultur og bodskap. Set ein dette saman får ein design, eller redesign (Slåttum, førelesingsnotat). Skal ein designe noko må ein sjå på kva behovet for ein gjenstand er, kva slags funksjon gjenstanden skal ha og økonomien i høve materiale og produksjon. Redesign kan definerast som gjenbruk av eit eksisterande produkt i ei ny form (Slåttum, førelesingsnotat).

Oppgåva vår var å gjere ein pall om til ein bruksgjenstand. Gjennom dette prosjektet meiner eg at mykje av hovudmåla i prosjektet blei nådd. Gjennom undervisning og leiting etter informasjon om design, har kunnskapen min om design blitt utvida, eg fekk nye erfaringar og eige forhold til design blei meir tydleg. Nokre av erfaringane eg sit att med er at det å designe og/eller redesigne krevast mykje fantasi, ein må forstå behov menneske kan ha og vere medviten i høve kva material ein brukar. Vidare fekk eg individuell erfaring i høve å lage noko ut av ein palle - ein palle er vanskeleg å ta frå kvarandre, samstundes er det vanskeleg å kome på noko å lage utan å få inspirasjon frå f.eks. internett. Eg ser det òg slik at delmåla i meir eller mindre grad blei nådd i høve at eg måtte setje meg inn i historikken i design, eg fekk bruke handverksteknikkar som høyrer mykje heime innan sløyd (saging, hamring, skruing, sliping, rasping m.m.), og samstundes blei eg meir kjend med ulike stilmønster som diverse kunstnarar har laga. Eksempel på stilmønstre og kunstnarar eg etter kvart blei inspirert av er William Morris, som blant anna starta opp eit trykkeri og forlaget Kelmscott Press for å produsere eksemplar på betre trykkeri- og bokdesign. Også Charles Rennie Mackintosh, innan same stil, tykkjer eg var interessant.
Eit eksempel på eit trykk frå Morris` forlag, som skulle vere ein referanse for hans metoder og teknikkar (til venstre), og eit eksempel frå Charles Rennie Mackintosh (til høgre):
The Nature of Gothic av John ruskin,
trykt av Kelmscott Press.
Art nouveau


















Andre stilartar eg vurderte var barokken med blant andre Rembrandt og Caravaggio og romantikken med blant andre Adolph Tidemann og Hans Gude (Brudeferd i Hardanger - 1848) og Eugène Delacroix (Frihet leder folket - 1833).

Så til kva eg gjorde:
I startfasen måtte eg nytte meg litt av internettet for å finne idear til kva eg skulle lage. Eg søkte på ulike fora både på norsk og engelsk for å få inspirasjon til kva eg skulle byggje. Såg på mange bilete og måtte finne ut kva som passa meg best, då i høve nytten og utsjånaden av det eg skulle lage. Eg fall til slutt på tre idear, der den eine var å lage ein rastebenk med bord, den andre var å lage ei bokhylle for barn, og den tredje var å lage ei bok- eller/og vinhylle. Sitjegruppa har eg laga nokre gonger før, og veit det er noko eg får bra til, men så byrja eg å tenkje praktisk. Kva med transport? Benken hadde blitt for stor for bilen, difor val eg å ikkje gå vidare med denne ideen.
Her er ei sitjegruppe eg laga i september/oktober 2012
Bokhylla for barn sette eg i gang med, og den har eg òg planar om å gjere ferdig då den vil vere både fin og praktisk for eit av mine barn. Bøkene i denne hylla skal bli plassert med fronten ut, slik at det blir enkelt for barnet å finne fram til den boka som er ynskjeleg.
Hylla for barn. Ideen fann eg her .




Det eg enda opp med, som skal stillast ut på eksamen, er bokhylla, eller vinhylla om ein ynskjer. Årsaka til dette valet er at for det fyrste er både behovet for ei slik hylle til stades i dei fleste heimar, og funksjonen er sjølvsagt òg nyttig, samstundes er dette ei økonomisk rimeleg løysing om ein ynskjer å lage fleire av denne. Ei anna årsak er at denne hylla er absolutt noko elevane enkelt, eller med litt hjelp, klarer å produsere sjølve. Eg vil plassere dette prosjektet til kompetansemål etter 7.årstrinn i læreplanen. Der står det blant anna at: «Eleven skal kunne lage enkle bruksformer i ulike materiale….» (LK06: 133). Men samstundes har eg prøvd ut dette prosjektet på min eigen son, som går i 3.klasse. Dette klarte han utmerka godt. Som lærar lyt ein ha i tankane at ingen elevar er like, og nokre treng meir utfordring enn andre.

Framgangsmåten:
Trykk på biletet for å få større bilete.
Det ein treng er eit kubein, hammar, sag, spikrar, skruar, sandpapir og ein drill (ikkje nødvendig).
Som ein ser av dette biletet må ein sage av ved dei to nedste borda. Dette skal vere baksida av hylla. Framsida, om ein har riktig pall, vil då berre ha eit bord. Vidare må ein då ta bort eit bord for å bruke til undersida av hylla. Om det manglar bord til framsida, lyt ein saga av eit til det òg. Som ein ser nyttar ein seg berre av pallen. Bordet til undersida må ein tilpasse, pusse og så spikre det fast. Om ynskjeleg kan ein skru inn skruar som ekstra sikkerheit.

Når dette er gjort kan hylla pussast med sandpapir. For dei yngste kan dette ta litt tid, men det gjer dei kanskje oppmerksam på at funksjonen til hylla ikkje fungerer så godt om den ikkje er glatt og flisefri. Grunnen til at det kan vere greitt å pusse hylla er, for det fyrste, at det er praktisk - ein slepp å få fliser og bøkene tek då heller ikkje skade. For det andre er det av estetiske årsaker - ein får bort skiten som, i dette tilfellet, har lagt seg på pallen gjennom fleire år. Samstundes blir det rustikke i pallen igjen, så sant ein ikkje pussar altfor grundig. Når dette er gjort kan ein bore hòl med drillen, eller ein kan velje å la det vere då ein kan spikre hylla direkte på veggen om ynskjeleg.

Slik såg det ut etter saginga.
Sette på eit bord bak og eit framme










Eg val å la det gamle, rustikke vere slik pallen var. Eg ynskte det skulle sjå gamalt og brukt ut då dette gjev hylla ein spesiell sjarm. Men vidare skulle eg ha dekor på hylla. Å lage mønster og bilete på overflata av kister, skrin og skap har lange tradisjonar i Noreg. Ein handverkar gav gjerne ein ekstra fint dekorert gjenstand til nokon han var glad i, det låg ofte mykje "kjærleik" bak slikt arbeid.

Som nemnt tidlegare leita eg ei stund etter ulike dekorstilar, og eg fall til slutt for jugendstilen. Denne stilarten dukka opp for om lag hundre år sidan. Denne stilarta finn vi mange døme på i Ålesund, men er og breidd til om lag heile verda.
Jugendstil ornament i Ålesund
Kunstretninga er kjenneteikna av organiske former, med motiv særleg inspirert av blomar og plantar. Kjende kunstnarar i jugendstilen er, blant andre, William Morris, Charles Rennie Mackintosh, Louis Sullivan og Victor Horta.
Detalj frå skyskraparen The Prudential Building in
Buffalo, designa av Louis Sullivan
Her er då detaljane som eg lagde på hylla mi, etter all denne inspirasjonen:










Eg brukte eit eksempel frå ei samleside på Biofarben og teikna etter dette for å få alle detaljane på plass på treet.  Storleiken blei eigentleg bestemt utifrå det framste treverket i hylla, eg tykkte at mønsteret skulle dekkje heile breidda. Samstundes måtte plasseringa vere symmetrisk.
Dette er mønsteret eg brukte i midten
Her er mønsteret til sidene












Det er ikkje lett å teikne på slikt treverk som er så grovt og ujamnt, men med litt prøving gjekk det til slutt. Eg tykkjer og at det var ei fin utfordring for meg sjølv, å leggje meg ut på noko eg ikkje har gjort før er alltid lærerikt. Det var òg krevjande å teikne på den eine sida då eg måtte tenkje speilvendt. Løysing på dette var å bruke gjennomsiktig papir og leggje dette oppå eksempelmønsteret og teikne direkte av. Snur ein så det gjennomsiktige papiret, så har vi det speilvendte mønsteret. Deretter er det berre å forsøke å teikne av dette på best mogleg måte på treverket. Dette var eit nøysamt og krevjande arbeid. Grunnen til at eg valde å bruke tusjpenn er av estetiske årsaker. Eg tykkjer det rett og slett er finare enn å brennmerke mønster i treverk.


Resultatet blei denne hylla:



Bruk i skulen:
I kompetansemål i faget kunst og handverk, under design står det at "elevane skal kunne planleggje og lage enkle bruksgjenstander" (LK06: 132). Di lenger oppe i årstrinna blir denne delen meir avansert, men det å planleggje og lage bruksgjenstander er fortsatt til stades, men i litt annan form.

Kunsthandverkarane leitar etter løysingar og idear blant gamle handverksteknikkar. Det dei finn, bruker dei på ein ny og overraskande måte. Kunsthandverkarane er ekspertar i å få noko vanleg til å bli sjeldsynt og spanande.Til dømes kan fiskebein bli vakre smykke, og materiale som har drive i årevis på havet kan bli til dei finaste skap.

Dette er ein fin innfallsvinkel i høve undervisning i kunst og handverk. Vis elevane mange eksemplar på måtar handverkarar har redesigna gjenstandar. Her kan det vere naudsynt å bruke videokanon for å få store fine bilete, slik at alle elevane får merksemda si mot bodskapen i undervisninga. Samstundes er dette ein prosess som skaper inspirasjon. For eksempel når det gjeld hylle, slik eg har laga, finnast det utallige moglegheiter. Alt frå ei lita hylle som eg laga og til hylle som er 1,80 m. høg, med meir.

Ein kan vidare få elevane til å gå på leiting i nærområdet, for eksempel i skog, mark og gamle låver, og finne høvelege materiale til det ein ynskjer å lage. Ein kan og snu dette på flisa. Få elevane til å finne materiale fyrst, og deretter bruke fantasien til å lage noko nytt av det dei finn.

Vidare er det viktig at læraren er med heile tida og gjev elevane formative vurderingar. Eleven lagar skap av tre, men kan delar av det vere av andre materiale? Skal skapet stå på gulvet eller hange på veggen? Korleis vil du feste dørane? Korleis vil du pynte skapet - kva inspirerar deg? Elevane bør og få anledning til å diskutere med dei andre i klassen om dei løysingane dei kjem fram til. Det kan gjere at dei får nye idear og inspirasjonar.

Her har ein elev i tredje klasse laga same type hylle som meg, berre i mindre format:

Ei lita palle.
Meistring skapar motivasjon
og glede.
Pussing er slitsamt, men fint blir det.
Ferdig, men utan dekor.
Eleven ville brennmerke dekor. Dette fekk
han gjere sjølv - ein lyt av og til gje elevane
"fritt" spelerom slik at fantasien og
inspirasjonen kjem fram.



Kjelder:


Læreplanverket for kunnskapsløftet, 2006. Utdanningsdirektoratet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar