Neptuns basseng

Neptuns basseng
Eit eksempel på flott arkitektur med tydeleg inspirasjon frå oldtidas Hellas/Italia - Neptuns basseng, California

Modellhuset


Modellhusbygginga

Kompetansemål i læreplanen frå 2. til 7. årstrinn seier at eleven skal kunne lage enkle modellar av hus i naturmateriale, teikne hus og rom sett ovanfrå, framom og rett frå sida og å kunne byggje modellar av hus i målestokk med utgangspunkt i eigne arbeidsteikningar (LK06: 132-134).

Eg valde å byggje eit hus som delvis kom ut av min eigen fantasi og delvis frå eit ekte hus i nærområdet. Eg liker å arbeide med konkrete ting, men samstundes vil eg gjerne ha litt fridom slik at fantasien, kreativiteten og inspirasjonen min får uttrykk i mine produkt. Eg føler gjenstandane får meir sjel på den måten. Eg ynskte å byggje eit meir tradisjonelt norsk hus. Det var òg ei meining med at eg lagde huset på ei skråtomt - eg ville nemleg utforske det å lage noko av pappmasjè, for vidare bruk i skulesamanheng. Her er skissene som eg brukte som utgangspunkt for bygginga av modellen:
Som ein ser har eg ikkje med baksida.
Dette fordi eg ville stå litt fritt i høve
kva eg skulle gjere der.












Ispinnar kan ein godt kalle gjenbruksmateriale, men dei eg brukte var kjøpte utan å vere brukt til is. Grunnen til at eg valde å kjøpe ispinnane er, for det fyrste, at det er sunnare å sleppe å ete 600 is på pinne, og for det andre, at det er veldig billeg å kjøpe slike pakkar. Eg brukte omlag ein hundrelapp til for å skaffe dette materialet. Etter eiga erfaring har og skulane eit stort lager med ispinnar, og får handle dette billeg direkte gjennom forhandlarar.

Så, korleis startar eg? Fyrst må ein lage skisse, men då må ein og kunne noko om målestokk. Målestokk på eit kart fortel oss noko om forholdet mellom den avstanden vi målar på kartet, og den ekte avstanden i terrenget. Dette gjeld og i høve modellhusbygging. Ein kan måle lengda på huset som i mitt tilfelle er 12 m. Modellhuset mitt er 26 cm i lengda. Det vil seie at ca. 2 cm på modellhuset tilsvarar ein meter. Då blir målestokken ca. 2:100. Om ein då skal vere sånn passe nøyaktig lyt ein passe på når ein set opp rammeverket at kvar centimeter tyder 2 meter i røynda.

Framgangsmåten for å lage midtseksjonen:
-Du treng: ispinnar, mandarinkasse, limpistol, kraftig saks, tapetkniv, trelim og måling.










-2.       Lag ei planskisse.
-3.       Start med rammeverket. Det blir bygd av ispinnar. Det er dette som skapar forma på bygget, difor er det viktig at ein er nøyaktig i denne prosessen. I denne prosessen lagar ein og plass til vindauger og dører.
-4.       Neste skritt er å kle veggane med ispinnar. For å få ein mest mogleg autentisk vegg, er det best å la ispinnane overlappe kvarandre vassrett.
-5.       Deretter lagar ein vindauge. Vindauge kan og lagast til før ein kler veggen.
-6.       Neste prosjekt blir å lage lister til vindauge og eventuelle dører.













Framgangsmåten for tak og arker:
-1.       Rammeverk er viktig i denne delen òg. Her må vinkelen justerast slik ein ynskjer det.
-2.       Til dette huset er det laga 4 arker. Dette krev mykje presisjon slik at taket ikkje blir skeivt. Bruk gjerne ein liten vater til hjelp, eventuelt ein vinkel.
-3.       Deretter må ein setje inn vindauge og kle att veggane med ispinnar, vassrett.
-4.       Sjølve taket dekkjer ein att med ispinnar.
-5.       For å få eit mest mogleg autentisk tak, kan ein nytte pappbitar som har utskorne mønster. Pappbitane må og justerast riktig etter utforminga på taket før ein limar desse bitane på plass.
-6.       Mål dei gjerne svarte før ein limar dei på.
-7.       Pipe kan lagast av papp. Lag ein firkant med lengd på ca.4-5 cm, og form denne til å likne på ei ekte pipe, med ulike detaljar.
-8.       Når øvre del av huset er ferdig, kan ein byrje å måle. Eg valde kvit som hovudfarge og grønt som listefarge. Ver nøysam.



























Framgangsmåten for kjellar:
-1.       Her nytta eg meg av ei mandarinkasse. Klipte og skar til heile bitar, og justerte dette til resten av huset. Når mønsteret passa til resten av huset, kunne desse delane limast saman med limpistolen.
-2.       Vindauge og dører blei laga av ispinnar, ved at ispinnane blei forma til og limt saman som vindauge direkte på mandarinkassa, utan å lage hol. Sprossene måla eg kvite og bak sprossene blei det mala svart slik at det likna på vindauge. Same prosess på dørene.
-3.       Målinga blei gjort med ein gråleg farge, då dette skal likne på ein vanleg grunnmur. Malinga blei blanda saman med sukker, for å få fram ein meir autentisk mur.
-4.       Trapp blir montert på eine sida av huset. Dette gjerast ved å lime fast ein bein flate, for deretter å montere ispinnar vassrett i sikksakk-mønster oppå denne flata.















Framgangsmåte for hagen:
-1.       Fyrst lagar du ein form for hagen din ved å nytte for eksempel dopapir-rullar og annan papp. Lim dette provisorisk fast ved hjelp av papirteip.
-2.       Klipp avispapir i strimlar. Fukt dette i vatn.  Bland trelim med litt vatn og bruk ein pensel når du fører på det våte avispapiret på pappen. Bruk mykje lim. Dette blir likt ein pappmasjè når det størknar.
-3.       Når du har gjort dette overalt der du ønskjer å ha hagen, lar du det stivne for så å male det i naturfarger.
-4.       Eg gjorde i stand slik at eg fekk laga ein terasse på baksida av huset, dette er valfritt.   (Sjå bileter ovanfor).

Fagleg refleksjon i høve mål:
Eg er nok blitt meir bevisst mitt eige forhold til arkitektur. Gjennom dette prosjektet og gjennom prosjektet å teikne hus har eg fått mykje ny erfaring. Blant anna har eg erfart at det krevst mykje nøysam arbeid og planlegging for å byggje modellhus. Eg har òg blitt meir erfaren i høve å bruke limpistol, tilpasse materialet og lært meg at å kunne improvisere er ein viktig eigenskap. Eg ser og at arkitektur er eit omfattande emne som kan splittast opp i fleire delemner. Gjennom teikningane mine knytte eg arkitekturen opp imot lokale forhold, og om ein gjer dette i skulesamanheng får vi eit spanande utgangspunkt for tema- og prosjektarbeid.

Når eg i dag ser på ulike typar hus, tenkjer eg ofte på kor gamalt det kan vere, og kva stiltype det er nærliggjande å tru at det er. Gjennom dette prosjektet har eg gått gjennom mykje stoff om ulike typer hus. Det finnast mange forskjellige stilar i Noreg, og mange av dei er henta frå Europa, men tilpassa vårt klima. Eg har og lagt merke til at det vanlegaste byggjematerialet i Noreg er av tre. Dette kan ha mange grunnar, både estetiske pg praktiske, men det kan og vere fordi det er noko av det mest tradisjonelle og rimlegaste materialet vi har. I den seinare tid registrerar eg at murbygg er på veg opp rundt omkring, spesielt med tanke på sokalla "funkishus".

Arkitekturhistoria er meget interessant. Arkitektur har til alle tider hatt påverknad på samfunnet gjennom sosialisering, psykisk helse, fridom og lukke. Arkitektur er så mykje meir enn konkrete bygningar og arkitekturmodellar, det er også livet mellom husa og menneska som bur der. Stilartene har i løpet av åra endra seg. Stilart er ein slags mote i arkitekturen. Nyklassisismen bar preg av dei greske søylene. Denne stilen byrja på 1700-talet, og det kongelege slottet i Oslo er bygd utfrå denne stilen. Dei fleste stilartane i Noreg har vi fått frå andre land i Europa, men ei stilart er norsk. Det er drakestilen. Denne stilarten kom på byrjinga av 1900-talet, kanskje som ein fylgje av 1905? Det er i allefall slik at nordmenna på den tida ville vise eigenarta si,altså det dei meinte var typisk norsk.Vi har mange andre stilartar i Noreg òg, slik som sveitserstilen, jugendstilen, funksjonalismen, m.m. Dette er noko som interesserar meg veldig, og eg vil anbefale mine elevar å gå på utkikk etter ulike stilartar. Eg vil nok sjølvsagt og undervise om dette fyrst.



Til bruk i skulen:
Eg har teikna og modellert hus i nærmiljøet. Dette kan eg tenkje meg å bruke i skulen òg. Eg tenkjer meg kanskje årstrinn frå 5.-7. Fyrst lyt ein ha teoretisk undervisning om ulike hustypar, historikken og funksjonen til desse. Deretter kan vi leggje opp til ein ekskursjon til hus i nærmiljøet. Som lærar lyt ein velje ei rute elevane skal ta som helst samsvarar med husstilar elevane har lært om. Kva rute elevane skal ta, og kva slags hus vi skal sjå på, kan for eksempel merkast av på eit enkelt kartutsnitt. Slik får elevane òg litt erfaring med bruk av kart og målestokk. Dette er eit høveleg gruppearbeid, og elevane går i grupper for å finne ut meir om eitt eller fleire hus. Dei kan blant anna finne meir ut om stilarten, teikne og fotografere.

Skisser, foto og bilete av hus kan vere utgangspunkt for praktisk arbeid i mange forskjellige materialer og teknikkar. vi kan for eksempel forstørre detaljar og male, lage trykk eller relieff i leire. Ein kan og bruke skissene og fotoane som utgangspunkt i å lage ein fantasiby. For eksempel kan elevane male og dekorere kartongar og pappesker, så like som mogleg som utgangspunkta. Eller elevane kan og få lov til å stå fritt og lage spanande husfasader av fantasien og inspirasjonen deira. Ein kan, som eg har vist ovanfor, og lage hus av ispinnar, eller annan materiale (leire, tekstil, tre). Dette kan òg nyttast tverrfagleg. For eksempel om elevane for tida skal lære seg om vikingar eller indianarar, så kan dei byggje langhus som vikingane hadde og tipiar som indianarane er kjende for. Samstundes heng matematikk med målestokk og geometri godt i hop med kunst og handverk.

Andre aktivitetar elevane kan gjere:
Elevane kan velje ut og teikne ein detalj frå nokre av husa i nærmiljøet. Det kan for eksempel vere dører, vindauger, pynt og dekor. Teikningane til elevane kan forstørrast og malast som dekorative bilete.

Å trene seg på å teikne hus tredimensjonalt kan vere nyttig for elevane. Elevane kan få gå ut og teikne forskjellige hustypar frå nærmiljøet og øve seg på nettopp dette. Når dei ser husa ute i røynda, vil dei sjå at ingen hus er todimensjonale, uansett korleis ein ser på husa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar