Dette er noko av det vi har gjort i
skuleåret 2012/13
Arkitektur
![]() |
Laga av oss studentane. |
![]() |
Laga av oss studentane. |
Denne
oppgåva meiner eg høver godt inn i skulesamanheng. I denne oppgåva er det mykje
læring. Blant anna innan samarbeid, planlegging, refleksjonar, vurderingar, og
det å bruke sine eigne idear og tankar visuelt i ein modell. Samstundes går
denne oppgåva rett inn i mange delar av læreplanen under kunst og
handverksfaget. Mellom anna under
arkitektur i kompetansemåla for faget står det for alle årstrinn at elevane
skal kunne lage modellar av hus (LK06: 132-135). Utforminga av teksten varierer
frå årstrinn til årstrinn, men bodskapen er om lag den same. Samstundes kan
denne oppgåva forsvarast i høve grunnleggande ferdigheiter i faget.
Design
Vi har hatt
mykje teori om kva design og redesign er for noko. Dette har vore lærerikt og
interessant. Samstundes har vi hatt noko praktisk arbeid i høve dette
hovudområdet i faget kunst og handverk. Blant anna hadde vi studentane med oss
ulike materiale som blei lagt i ein haug på eit bord. Deretter skulle vi finne
ut korleis vi, som gruppe, skulle kunne lage noko nytt og brukande av dette. Vi
såg fyrst på haugen, sette oss så ned kvar for oss og teikna minst tre ulike
ting, og planla i fellesskap kva som var mest matnyttig.
Vi har laga
gamal type visp av bjørkekvistar. Dette var moro og samstundes ei enkel oppgåve
som òg elevane skulle klare. Ein må vere sikker på at elevane då klarer å
handtere ein kniv. Vi gjekk ut og skar av tynne kvistar frå bjørk og sette oss
så ned og fjerna barken ved hjelp av kniv. Når dette var gjort samla vi saman
kvistane og såg til at det var lik lengd på alle saman. Deretter samla vi
kvistane i handa og knytte to tau hardt rundt der ein skal halde på vispen. Og
vips, så er vispen ferdig.
For å gjere den ekstra fin kan ein bruke tynne
kvistar til å tvinne rundt vispen. For meir informasjon om framgang, eller ein
litt annan framgang besøk denne sida: http://www.slojdeniskogen.se/slojden/sfs/tillverka-en-visp/1/.
![]() |
Vispen min |
Vi har marmorert bileter, noko som var heilt greitt.
Resultata blei flotte, men eg trur dette er noko som høver seg i høgare
årstrinn. Det blir litt søl, og lukta vil nok mange reagere på. Vi fekk utdelt informasjon om marmorering på samlinga. Her fekk vi innsikt i historia til marmoreringa, samstundes til forklaring på korleis ein gjer det. Trykk her for å få vite korleis ein skal marmorere. Det ein treng er oljemaling på tube, terpentin, firkanta stamp som kan romme omlag 10 liter, papir, beger og rørepinner og kluter til å tørke det ut.
![]() |
Nokre av resultata frå oss studentane. |
Vi har på ei samling vore med på å lage papir og bok. For å lage papir reiv vi opp avispapir i bitar.
Vi la så papiret i blaut. Deretter nytta vi ein hurtigmiksar medan papiret låg
i vatn og miksa det i hop. Vi brukte ca. ¾ vatn. Vi la så blandinga i ei låg
balje, og så brukte vi ei ramme med netting inni og la den loddrett ned i
balja. Medan den er i baljen snudde vi ramma loddrett fram og tilbake. Då legg
det seg papir på ramma. Løfta så ramma rett opp av baljen og la ramma opp ned
på eit bord oppå ein fuktig klut. Trykka så av overflødig vatn med ein svamp på
baksida av ramma. No måtte vi passe på at vi lyfta ramma forsiktig opp når vi
skulle ta den av. Då skal papiret ligge att på kluten. Deretter er det berre å
la papiret liggje å tørke. Eventuelt kan ein hurtigtørke, noko som kan vere
aktuelt i skulen, ved å bruke strykejern, hårfønar eller å setje den i omnen på
svak varme. Før det er tørka er det mogleg å lage mønster og anna på
papirbiten.
![]() |
Boka eg lagde |
Når ein lager bok, kan dette gjerast på mange måtar. Vi
nytta ulike typar papir, også av dei vi lagde sjølve. Boka eg har laga vil
fylgje med som del av loggen på eksamen. Ein viktig del her er å la noko gå att
i heile boka, ein detalj eller noko anna.
Designøvingane vi har hatt heng godt i hop med læreplanen
med design. Dette er oppgåver ein trygt kan bruke i skulen, samstundes som ein
då når dei kompetansemåla som er satt.
Kunst
Når det gjeld kunst har vi òg hatt noko teori rundt emnet.
Vi har blant anna lært om ulike typar kunst og om ulike kunstnarar. Vi har hatt
nokre grunnleggjande øvingar som handlar om teikning. Dette omhandlar litt om
grunnformar, skygger og tonar og enkle teikneøvingar. Samstundes er dette noko
som må øvast inn, også heime. Vidare har vi i eksamensoppgåve å teikne eller ta
bileter av hus. Eg har valt å teikne hus og desse kan sjåast på bloggen,
samstundes som desse blir tekne med til eksamensutstillinga. Har vidare forsøkt
meg på å teikne ansikt, og dette blir ein del av loggen.
![]() |
Øving på skuggelegging (eple) |
![]() |
Teikneøvingar |
Også kunsten som vi har hatt på samlingane heng godt i hop med læreplanen. Vi har samtala om ulike bileter, vi har brukt dekorative element frå eigne arbeid (spesielt då med tanke på design-oppgåva vår), samtala om form, lys og skygge og mykje meir.
Vi har og drive med med farging av tøy. Det var både moro og interessant. Resultata blei eg sånn passe fornøgd med.
![]() |
Eit av resultata. |
- Fargebadet bestod av natriumhydrosulfat (1ts.), farge (1 ts.) og kaustisk soda (1 ts.). 1 ts. per liter vatn.
- Bland so den ønska fargemengda med ca 1 liter vatn som skal vere omlag 50 grader opp i eit litermål. Røyr godt om.
- Hell dette så i ei kjele. Bland så inn natriumhydrosulfatet og den kaustiske sodaen, røyr godt inn.
- La fargeblandinga kvile i omlag 10 minutt. Så er det berre å leggje tekstilen forsiktig opp i fargebadet.
- La det liggje der i 10 minutt, ta tekstilen opp av vatnet og skyll det av med kaldt vatn. Ta vekk isoleringa på tekstilet, og skyll på nytt.
- Då er tøyet ferdig farga, heng dette opp til tørk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar